What Date Start-End Location
OneCall Challenge Wednesday 27. June 10:30 - 19:00 Prestegardsmoen

Ein spennande lagkonkurranse som passar perfekt for deltakarar som ynskjer å utfordra seg sjølv, og samtidig gjera noko kjekt i lag vener og/eller kollegaer. Her melder ein på lag med 3 deltakarar, menn, damer eller mix lag. Laga som deltar på OneCall Challenge skal konkurrera mot kvarandre i 7 spennande øvingar og stikkord i denne samanhengen er balanse, styrke, presisjon, samarbeid og taktikk.

Alle postane er lagt ut i Prestegardsmoen, eit flott friluftsområde rett ved Ekstremnsportveko teltet. På kvar post er det 3 lag som konkurrera mot kvarandre, og etter att alle laga har vore innom og konkurrert i dei 7 ulike øvingane, går dei tre beste laga vidare til ein superfinale. Her skal dei tre beste laga konkurrera mot kvarandre i 3 øvingar, og vinnar laget vert velfortent vinnar av flotte premiar og heder og ære.

Påmelding: Det er plass til Max 21 lag, så her gjeld det å kasta seg rundt, samla eit lag og melda seg på. Trykk på “sign up” i programlinja over her. Ein person melder på eit lag på 3 stk.

Oppmøte seinast kl. 14.30 ved Pumptrack banen i Prestegardsmoen for registrering og informasjon.

15.00 – 17.00: OneCall Challenge

Kl. 18.30: Super finale OneCall Challenge

Pris: 600,- pr lag. Inkluderer ikkje inngang til teltet. Ein i laget melder på og betaler for heile laget.

Spørsmål? Kontakt Gunvor Wæhle. Tlf: 95982065. E-mail: gunvor@vossresort.no

Merk!

Laget må ha eit lag namn – KUN EIT ORD!

Ein på laget melder på heile laget på 3 personer.

Laget kan gjerne ha på seg ei felles lag drakt, for eksempel like t – skjorter, caps eller sokkar etc.

Ta med skifte då det vert vannaktivitetar.

Aldersgrense 18 år.

Premiering: Festivalpass for 2019 og diverse produkt frå sponsorer vert levert ut til dei 3 beste laga

__________________________________________________________________________________________

In english:

One Call Challenge is a fun team competition(3 participants, open class) that suits perfect for participants who wants to challenge the skills of cooperation in a group of friends or associates. Your team will compete in seven different competitions. We will measure strength, balance, precision, tactics and cooperation skills. All posts will be located in Prestegardsmoen, not fram the festival tent. The top 3 teams will qualify for a super final where you will compete in 3 different competitions. Top 3 teams will receive great prizes, fame and glory at the price ceremony at the festival tent.

Please note!

Online registration is now open. Push the “sign up” button at the link above in the line of the programme.

One team member signs up a full team of three people.

You need to meet 1430 sharp by the pumptrack at Prestegardsmoen.

Limited spots! 21 teams(63 participants)

Price: 600 NOK pr team. Does note include entrance to the festival tent. One person sign up and pay for a full team.

Any questions? Please contact Gunvor Wæhle. Tlf: 95982065. E-mail: gunvor@vossresort.no

Prizes: Festival pass for 2019 and stash from sponsors will be handed out to the three best teams

Rules

Each team needs a team name( One word)

We encourage each team to wear similar t-shirt, caps or other outfit

Team members should not be influenced by any drugs or alcohol during the competition

Bring dry clothes due to some water activities

Age limit: 18 years old.

home
home
home