Ekstremsportveko er verdas største ekstremsportarrangement og er dreve av Stiftinga Ekstreme Voss. Stiftinga er ikkje-kommersiell og sjølveigd med formål om å arrangere den årvisse «Veko». Sidan 1998 har nasjonale og internasjonale konkurransar i over 20 ulike sportar årleg vore kjernen i Veko. I tillegg er musikk, kultur, mat, næringsarrangement og mykje anna ein del av arrangementet. Ekstremsportveko skal vera open og inkluderande, og har fokus på å tilby aktivitetar for alle. Som Stifting har ein ingen aksjonærar. Eventuelle overskot går kvart år til å vidareutvikle Ekstremsportveko.

 

Stillingsskildring

Stillinga er 100 % og inngår i ein administrasjon saman med dagleg leiar og festivalkoordinator. I tillegg jobbar ein med ein stab på om lag 70 personar, og det er eit ungt, dynamisk og kreativt miljø. Som Nestleiar & øverste ansvarleg for sport, er ein ansvarleg for heile sports- og tryggleiksstaben i tillegg til planlegging og gjennomføring av sportane til Ekstremsportveko. Eventuelt støttefunksjonar til dagleg leiar etter kvalifikasjonar til kandidat. Stillinga inkluderar blant anna tryggleiksarbeid, arbeid med søknadar og andre sentrale rammevilkår. Arbeidssamlingar, koordinering, oppfølging av sportsstab og tryggleik, inngåing av avtalar relatert til sport, produktutvikling, utvikling av sportsarenaer og meir. Nestleiar rapporterer til dagleg leiar, og vil vera ein heilt sentral funksjon i utviklinga av Ekstremsportveko i åra framover.

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid innan festival og/eller sportsarrangement (frivillig eller som tilsett)
  • Erfaring innan noko form for prosjektleiing
  • Fordel om du har forståelse for økonomi
  • Det er ein fordel om du har erfaring med ledelse
  • Kunnskapar rundt bruk av sosiale medier og IT-systemer
  • Du må ha gode engelskkunnskapar.
  • Er eller har vore utøvar sjølv i noko form for sport

 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvgåande, og ta ansvar for å nå dei måla som vert sett.
  • Inspirere og motivere dine kollegaer
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Systematisk og strukturert, men likevel visjonær og kreativ
  • Evne til å organisere og lede
  • Evne til å stille dei viktige og riktige spørsmåla, med dette vere ein viktig sparrepartner for dagleg leiar
  • Evne til å utvikle konsepter og vere innovativ
  • Ein menneskekjennar som kan handtere mange ulike typar menneskjer
  • Ha godt humør, takle stress, lange dagar og tette tidfristar i periodar.
  • Løysningsorientert og kreativ i stressa situasjonar.

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det er ein fordel om søkjar kan gje kortfatta, men gode eksempler på dette i sin søknad.

 

Løns- og arbeidsvilkår vert ein samde om. Når det gjeld arbeidsområder, ansvar, arbeidstider og liknande er det store muligheiter til å forme stillinga for den rette kandidat, så lenge ein utvikla Veko sine sportar til eit nytt nivå.

Kandidat bør vere glad i å kunne kjøre pudder, sykle i terrenget, hoppe fallskjerm, padle kajakk, gå på konsertar, arrangement eller liknande i arbeidstida, då det er vektlagt å ha det gøy på jobb.

Tiltredelse er seinast medio september 2018. Stillinga er på Voss.

Søknad og CV sendast til kjetil@ekstremsportveko.com med emnefelt “Søknad Nestleiar 2018”.

Søknadsfrist: Snarast og innan 1.juli. Søknadar vil kunne bli behandla fortløpande ved riktig kandidat. Det vil bli mulig å møte representantar frå Ekstremsportveko under årets “Ekstrem Jobbmesse” som finn stad her og det er ein fordel å ha sett dei ulike arenaene på Ekstremsportveko.

For spørsmål kring stillinga, kontakt dagleg leiar, Kjetil Kriken. Grunna stor arbeidsmengde rett før årets festival er det ønskjeleg med spørsmål på epost til kjetil@ekstremsportveko.com.

home
home
home