Det vert kvart år delt ut ein bedriftspris til ei verksemd på Voss. Den verksemda som vert valgt skal på ein eller annan måte ha utmerka seg positivt i løpet av det siste året, eller åra som har gått. Dette kan gå på fylgjande kriterier:

Utvikling av nye produkt

Innpass i nye marknader

Intiativ til å få til samarbeid mellom verksemder og bransjar

Intiativ for å få til knopskyting eller etablering av nye verksemder saman med andre

Godt økonomisk resultat

Dette er kriterier ein kan kjenne seg godt igjen i, når ein tenkjer på kva Ekstremsportveko har fått til dei siste åra! Ekstremsportveko har hatt ein god administrasjon med eit styre i ryggen som har gått i takt og samarbeida godt på kryss og tvers. “Veko” kan syne til ei dugnadsånd det står stor respekt av, ein har inkludert Vossingar og “wannabe” Vossingar i stor grad.

Nye arrangement som Ekstrem Eldrebuss, ulike bornearrangement, Ta Sjansen i Vangsen og Ekstrem Jobbmesse med fokus på å få tilflyttarar til Voss har alle vorte tatt særs godt i mot.

Eg tør påstå at ingen har satt Voss på kartet på ein betre og meir profesjonell måte enn det Veko gjer. Med eit kobbel av fotografar, bloggarar, kjendisar, idrottsfolk, TV, musikarar, film og presse til stades vert Voss synleg i dei fleste kanalar. Det er umogleg å setje ein marknadsverdi på dette arbeidet, men den er skyhøg! 

Det er difor ei gleda at eg på vegne av Næring og Tiltak kan overrekkje Bedriftsprisen 2016 til Ekstremsportveko. 

Erik Østlie

home
home
home