What Date Start-End Location
Ekstrem Last Tuesday Thursday 27. June 16:00 - 19:00 Lavvo

Bli med og ta sommeravslutninga dykkar på Ekstrem Last Tuesday. Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss i samarbeid med Sparebanken Vest og Ekstremsportveko har gleda av å invitera dykk til sommaravslutning for Last Tuesday med tema:


Korleis takla endring og omstilling, både privat og i arbeidslivet?

Foredrag med Karina Hollekim:
I over eitt tiår var Karina Hollekim profesjonell utøvar for Red Bull, men i 2006 tok livet ei dramatisk vending då fallskjermen tvinna seg under eitt hopp. I fritt fall smalt ho inn i ein stein, og knuste begge beina. I fleire dagar svevde ho mellom liv og død, men overlevde på mirakuløst vis. Karina hamna i rullestol med beskjeden om at ho aldri kunne gå igjen, ein beskjed ho nekta å godta.  Korleis kom ho seg på beina att, og korleis takla ho omstillinga når livet snudde alt på hovudet?

Foredrag med Jan Erik Kjerpeseth:
Endring og omstilling er også noko dei fleste bedriftar må forhalda seg til i dag. Er me redde for å tenkja nytt? Kva moglegheiter finst i å endra seg? Og korleis gjera dette på best mogleg måte? Det skal Jan Erik Kjerpeseth, konsernleiar i Sparebanken Vest, fortelja meir om under tittelen «Det har aldri gått så raskt som nå, men det kjem aldri til å gå så seint som nå heller».


«Å byggja ei bygd»

Foredrag med Ove Håland:
Voss har eit mål om å auka folketalet i tida framover, men kvar skal alle bu? Korleis kan ein gjennom bustadtilbod forbetra folk sin kvardag? Og kva moglegheiter ser ein inn i framtida?


Dato: 27. juni (torsdag under Ekstremsportveko)
Tid: Kl. 16.00
Stad: Lavvo, Prestegardslandet


Om foredragshaldarane:

Karina Hollekim:

Tidligere internasjonal basehoppar, fallskjermhoppar og frikøyrar. Er utdanna dataprogrammerar, og jobbar i dag som mentaltrenar for profesjonelle idrettsutøvarar og for leiarar i næringslivet. Har skrive sjølvbiografien «The wonderful feeling of fear», i tillegg til at det er laga ein dokumentarfilm om livet hennar med namnet «20 seconds of joy». Deltok på Mesternes Mester i år.


Jan Erik Kjerpeseth:

Samfunnsengasjert konsernsjef i Sparebanken Vest og far til tre
kjekke ungar. Brenn for kunsten å gjere tankar og idear om til handling.


Ove Håland

Er dagleg leiar i arkitektfirmaet i Arkoconsult, som er ein totalentreprenør på bustadsprosjekt. Han er svært oppteken av verdiskaping og vekst i lokalsamfunnet.


Last Tuesday avsluttar etter middag kl 19.00. For dykk som ynskjer å bli med vidare så kan Veko tilby dagsbillett til ein svært god pris for medlemmer. Det vil då vera anledning til å mingla vidare i teltet. Utover kvelden vert det Dagens video og konsertar med Kjartan Lauritzen og 1997 Forever i regi av Ekstremsportveko. 


Nyte D
Kjartan Lauritzen


Påmeldingsfrist innan tysdag 25 Juni.

Last Tuesday (ikkje medl.): kr 800,-
Last Tuesday (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 450,-
Last Tuesday + Dagspass Torsdag (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 990,-



Meir informasjon om Næringshagen
Meir informasjon om Destinasjon Voss

home
home
home