What Date Start-End Location
Last Tuesday Thursday 28. June 16:00 - 19:00 OneCall PitStop

Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss i samarbeid med Sparebanken Vest og Ekstremsportveko har gleda av å invitera dykk til sommaravslutning for Last Tuesday. Det vert eit arrangement med spennande føredrag og påfølgjande middag.

Tema
Innovasjon og nyskaping

Program
BMX-SHOW (15.00 – 15.40)
FAGLEG (16.00 – 17.30)
MIDDAG (17.30 – 19.00)

Didrik Dimmen – FlowMotion

Didrik Dimmen fortel om reisa til 
FlowMotion og korleis dei gjekk frå ein liten idé om ein GoPro stabilisator, til å selge for over 50m NOK i forhåndssal, sette opp produksjon i Kina og sende ut produktet verda over.

Rune Smistad – NCE Media – Opplevingsteknologi i praksis
Eit samarbeidsprosjekt mellom NCE Media og NCE Tourism. Teknologi frå tryggleiksløysingar er tatt i bruk for å auka tryggleiken og betre opplevingane i naturbasert reiseliv. Eit testprosjekt på Vidden i Bergen. V/Rune Smistad, prosjektutviklar NCE Media.

Asgeir Løno – Sparebanken Vest – Fintech frå Vestlandet
Korleis kan ein lokalbank møta konkurranse frå store internasjonale konkurrentar?

Accel Explore
Accel Explore er eit intensivt program for nye og etablerte verksemder som jobbar med opplevingsturisme med fokus på teneste- og produktutvikling. Deltakarane frå årets program har jobba hardt i 6 månader og skal her fortelja om sine verksemder.

Last Tuesday avsluttar etter middag kl 19.00. For dykk som ynskjer å bli med vidare så kan Veko tilby dagsbillett til ein svært god pris for medlemmer. Det vil då vera anledning til å mingla vidare i teltet. Utover kvelden vert det Dagens video og konsertar med Amanda Delara, Datarock og KREAM, i regi av Ekstremsportsveko.

Last Tuesday (ikkje medl.): kr 800,-
Last Tuesday (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 400,-
Last Tuesday + Dagspass Torsdag (medl. Destinasjon Voss/Næringshagen Voss): kr 1000,-

Påmeldingsfrist innan tysdag 26 Juni. For billetter, klikk på “Tickets” lenger oppe på siden.

Meir informasjon om Næringshagen.
Meir informasjon om Destinasjon Voss

home
home
home