Morgen Elvebad - Presentert av Vossabia

Program lenger ned

Vossadusj – betre enn kaffi

Start dagen med ein ekte Vossadusj! Camp Extreme ligg i år rett ved Bjørke, med den vakre Raundalselva som næraste nabo – perfekt for eit friskt morgenbad før festivaldagen startar.

Ta turen ned til elva saman med andre morgonfriske festivaldeltakarar og få ein skikkeleg oppkvikkar i det kalde elvevatnet. Kanskje den einaste morgondusjen som faktisk er betre enn kaffi.

Viktig:
Bading skjer på eige ansvar. Alle deltakarar må sjølve vurdere forholda før dei går i vatnet. Ver spesielt merksam på vassføring og straum i elva, og bad berre dersom forholda er forsvarlege.

Ta vare på kvarandre, bruk sunn fornuft – og nyt ein frisk start på dagen under Ekstremsportveko.

Morgen Elvebad - Presentert av Vossabia