Dyno Tic-Tac-Toe

Program lenger ned

Trur du du har krafta som skal til? Bevis det.

Dyno Tic-Tac-Toe er ein eksplosiv og publikumsvennleg utfordring på buldreveggen i Hovudteltet under Ekstremsportveko. Her gjeld det å hoppe så langt du tør og treffe grepa for å samle poeng.

Konkurransen er open gjennom heile festivalen, så du kan prøve så mange gongar du vil og utfordre vennene dine.


Slik fungerer det

🔹 Veggen har 4–5 dynonivå, der kvart grep gir ulike poeng.
🔹 Alle startar frå same startgrep.
🔹 Du vel sjølv kor langt du tør å hoppe.
🔹 Film hoppet ditt, legg det ut på SoMe og tag @ekstremsportveko for å delta.


Ta med venner, test krafta di og sjå kven som når det høgaste grepet.

Bommar du? Prøv igjen.
Treff du? Legendestatus.


TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Man. 22.06 // 18:00–21:00
Tir. 23.06 // 18:00–21:00
Ons. 24.06 // 18:00–21:00
Tor. 25.06 // 18:00–21:00
Fre. 26.06 // 18:00–21:00
Lør. 27.06 // 18:00–21:00
Dyno Tic-Tac-Toe