Ekstrem Eldrebuss

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Voss Tinghus
Ons. 24.06 // 10:00

Velkommen til Ekstremsportveko og Ekstrem Eldrebuss!

Suksessaktiviteten «Ekstrem Eldrebuss» rullar vidare i Ekstremsportveko 2026 også! I år vil Ekstrem Eldrebuss gå føre seg onsdag 24. juni frå kl. 10.00 til ca. 15.30. Me ønskjer å invitere alle eldre med på ein busstur fylt med god stemning, der ein får oppleve nokre av Voss sine kulaste aktivitetsplassar.


Program: Ekstrem Eldrebuss 2026 
Dato: Onsdag 24. juni 
Oppmøtestad: Voss Tinghus

10:00 – Oppmøte ved Voss Tinghus

10:30 – Aktivitetsparken – BMX kvalifisering

11:45 – Buss frå Idrettsplassen – Slip 'n Slide med Fallskjermklubben

13:15 – Buss frå Fallskjermklubben – Lokst Utøve (om mogleg)

14:00 – Buss frå Flatlandsmo Camping – Longboarding kvalifisering

15:30 – Buss frå Skjervet – tilbake til Tinghuset

Etter dette er turen ferdig, men me anbefaler absolutt alle å ta turen ned på festivalområdet for å sjå swoopingkonkurransen kl. 17.00 – det vil ein ikkje gå glipp av!

På festivalområdet er det også mange matvogner, så om ein ønskjer noko å eta før swooping byrjar, er det moglegheiter for det.


Praktisk informasjon:

Pris: 149 kr for bussbillett

Mat: Kjem i tillegg og kan kjøpast på festivalområdet etter turen. Det er også mogleg å kjøpe noko å drikke eller eta når me er på Voss Skydive.

Førehandspåmelding anbefales: 👉 Meld deg på via skjemaet nedanfor, eller kjøp billett direkte ved bussen.

Spørsmål? Kontakt: info@ekstremsportveko.com


Book her

NB: Det er avgrensa med plassar – berre førehandspåmelding gjev plassgaranti.

Ekstrem Eldrebuss