Familiebankens Hyggemeterskog
Ekstremsportveko og Sparebanken Norge inviterer til ei heil veke med gratis leik og moro. Familiebankens Hyggemeterskog er open måndag til laurdag frå 11:00 til 18:00 på Prestegardsmoen under Ekstremsportveko.
Her kan barna utforske ei rekke aktivitetar medan foreldra kan slappe av med ein kopp kaffi og nyte festivalstemninga. Dette er barnas Ekstremsportveko, med leik, aktivitetar og opplevingar tilpassa barn i alle aldrar.
I Hyggemeterskogen kan barna prøve seg på ulike aktivitetar som klatring, hopping, balanseaktivitetar, leik og kreative innslag. Aktivitetane varierer gjennom veka, og området er bemanna av hyggelege frivillige med erfaring med barn.
Området er også tilrettelagt for adaptive aktivitetar, slik at flest mogleg kan delta.
Detaljert program og aktivitetar for 2026 blir annonsert nærare festivalen.
PROGRAM
Hoppeslott
Kvar dag mellom 11-18!
Slackline
Kvar dag mellom 11-18!
Turn Med Turngruppa
Når: Fredag og laurdag 12:00 - 16:00.
Voss IL med turngruppa tek med seg tumblingmattar, skranke, rockeringar og ikkje minst flinke instruktørar til Hyggemeterskogen. Det vert også ansiktsmaling. Kom å test ut turn-skillsa! For born fra 4-10 år.
Trylleshow Infinitum
Når: Tirsdag 12:00-16:00.
Trylleshow med Infinitum! Infinitum kjem med Tryllekunstnar Pedro og to gode hjelparar. Gratis og opne for alle.
Papirflykonkurranse
Når: Torsdag 13.00–14.00
Kom og deltag i papirfly-konkurransen! Vi gir papiret, du bidrar med dine ferdigheter. Det blir tre typer konkurranser: én for distanse, én for lengst flyvetid og én for presisjon.
Regler:
-Papir: I distanse- og tidsklassene kan du bare bruke ett standard A4-ark (297x210 mm).
- Endring: Du kan brette, rive og kutre papiret, men du kan ikkje bruke lim, stjøp, tape eller andre verktøy for å feste deler saman.
- Papirflyet må bli kastet av éin person.
- Det må bli kastet utan hjelp frå mekaniske apparat.
Dette arrangementet krever ingen påmelding, bare kom og møt opp! Det blir premier for vinnarane! Åpent for alle, retta mot barn mellom 4 og 10 år.
Bruskasse Stablekonkurranse
Når: Tysdag kl. 16.00
Bruskasse stablekonkurranse i samarbeid med Voss Klatrarlag! Kor høgt tør du å stable? Påmelding skjer same dag ved Sparebanken Norge-teltet i Hyggemeterskogen. Vi prøver å få så mange som vi klarer på ein time!
Kids Skate
Når:
Mandag 14.00–15.00
Fredag 15.00–16.00
Laurdag 13.00–14.00
Vi arrangerer Kids Skate for barn mellom 4 og 10 år! Vi har brett og sparkesyklar til utlåns, men ta gjerne med ditt eige utstyr! Jentene frå She Skates vil vise fram alle triksa i boka og lærer bort det dei kan. I samarbeid med 89 Skateshop og Bymisjonen / Skattekammeret.
Sykle Sakte Konkurranse
Kor langsamt kan du sykla? Kom og test balansen, premie til den treigaste syklaren! I samarbeid med Endeve Sport og Spezialised. Påmelding i teltet samme dag i Sparebanken Norge teltet i Hyggemeterskogen.
Velkomen til Familiebankens Hyggemeterskog under Ekstremsportveko 2026!

