Intro Course: Whitewater & Sea Kayaking

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.

Vil du få maks ut av éin dag på vatnet? Dette er kurset som gir deg to kajakkopplevingar i eitt 💥

På denne unike introduksjonsdagen får du prøve både elvepadling og havkajakk. Du blir teke med til ulike lokasjonar i nærområdet og får kjenne på kontrastane mellom roleg padling på ope vatn og spenninga i stryk.

Dette er ein sjeldan sjanse til å teste begge disiplinane på same dag, perfekt for deg som er nysgjerrig på kva retning du vil vidare i.

Ved slutten av dagen får du det offisielle Våttkort Introkurs, eit solid første steg inn i padleverda.


Praktisk informasjon

Påmelding:
Meld deg på via knappen over.
Er arrangementet fullteikna, send ein e post til aktivitet@ekstremsportveko.com, så ser vi om vi kan finne ein plass til deg.

Pris: 3400 NOK

Aldersgrense: 16+

Starttid: 09:00 (ver vennleg og møt opp 15 minutt før)

Oppmøtestad: Vangsgata 45

Varigheit: 7 timar


Kva du må ta med

- Ullundertøy, gjerne ull over og under
- Joggesko som tåler å bli våte
- Handkle
- Badetøy
- Varme klede til etterpå


Utstyr som er inkludert

Vi stiller med kajakk, åre, redningsvest, hjelm og våtdrakt. Hugs å oppgje alder, høgd og vekt i påmeldingsskjemaet slik at vi kan finne rett utstyr til deg.


Spørsmål?

Aktivitetskontakt:
Mads Rio (Vått og Vilt)
(+47) 913 74 995


Dette er rett og slett ein av dei råaste inngangane du kan få til padling!
To disiplinar. Éin dag. Maks oppleving.

Meld deg på no og finn ut kva type padlar du vil bli!

Intro Course: Whitewater & Sea Kayaking