
Head of Adaptive
Dato: Fredag 26. juni
Tid: 13.00–17.00
Pris: Gratis
Ingen aldersgrense
Limitless Playground er eit gratis arrangement under Ekstremsportveko der alle er velkomne – ingen avgrensingar, berre moglegheiter og masse moro!
I fleire år har Veko jobba aktivt for å skape inkluderande idrett, aktivitetar og festivalopplevingar. Veko er for alle, og denne dagen er ein møteplass som samlar deltakarar, utøvarar, organisasjonar og publikum frå ulike miljø og bakgrunnar.
Vi inviterer til ein ettermiddag fylt med aktivitet, leik, inspirasjon og gode opplevingar saman. Du kan til dømes prøve giga-bowling, “soap-slide” og ulike lågterskelkonkurransar. Du vel sjølv kva du vil vere med på – det blir noko gøy for alle!
Hjelpemiddelaktørar og ulike forbund/organisasjonar vil vere til stades med stands under arrangementet. Dei vil informere om tilboda sine og gi deltakarane moglegheit til å prøve ulike aktivitetshjelpemiddel og aktivitetar på hjul. Dette er dermed ein fantastisk arena for deg som lurer på kva moglegheiter som finst!
Vi oppmodar alle til å ta med eige utstyr og hjelpemiddel! Rullestolar, syklar, rulleskøyter, longboards og anna utstyr er velkomne. Vi ønskjer å skape ein plass for utprøving og deling.
I den samanhengen oppmodar vi også til å “pimpe opp” utstyret/hjelpemiddelet ditt, då det blir moglegheit til å delta i konkurranse om best stylea utstyr. Beste styling blir premiert – ver kreativ!
Temaet for arrangementet blir “White Lies”! Dette er eit perfekt tema for å bryte isen. Skriv ei kvit løgn på framsida av ei kvit eller lys t-skjorte, og lat baksida vere open slik at andre kan signere og dekorere gjennom dagen.
Vi tilbyr frukt, snacks og drikke gjennom heile arrangementet, men vi anbefaler ikkje å kome svolten.
Arrangementet byr på fleire aktivitetar med høg fart og mogleg risiko. Det blir derfor presisert at all aktivitet skjer på eige ansvar. Røde Kors vil vere til stades, og det blir lagt til rette for at tryggleiken er best mogleg ivareteken.
Info kjem!
Eit detaljert program for 2026 blir annonsert nærare festivalstart.
Denne dagen handlar om å ha det gøy! Vi gler oss til å sjå deg!

Head of Adaptive

