Klatring på Staup
Økt 1: 10:30 – 12:30 (12 plassar)
Økt 2: 13:00 – 15:00 (12 plassar)
Under Veko kan du prøve sportsklatring på den vakre klippa på Staup. Her får du kjenne meistring og ekte klatreglede i bratte omgjevnader, sjølv om du aldri har klatra før.
Staup er eit flott område for familiar og klatrarar som ønskjer enkle til middels krevjande ruter. Området under veggen er fint for å slappe av og nyte den gode stemninga. Med riktig utstyr og dyktige instruktørar frå Wild Voss får du ei innføring i det bratte friluftslivet som klatring gir.
Denne turen gir deg ein smakebit på ekte klatring, det vi kallar bratt friluftsliv. På Staup finn du bolta ruter som passar både nybyrjarar og meir erfarne klatrarar. Det som gjer denne klippa unik er dei vakre naturomgjevnadene og den korte avstanden frå Voss.
Deltakarane får høve til å klatre på eit nivå tilpassa eigne ferdigheiter. Det er ingen prestasjonspress, du bestemmer sjølv kor høgt og kor mykje du vil klatre. Er du klar for ei utfordring, kan du prøve den høgaste ruta på veggen, rundt 30 meter høg.
For denne turen treng du:
• Gode tursko, joggesko går fint om sommaren
• Vind- og vassavvisande klede ved behov
• Ein varm genser eller jakke
• Solbriller og solkrem
• Drikkeflaske og lunsj eller snacks
Slik kjem du deg til Staup:
Du finn Staup ved å køyre E16 ut av Voss mot Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet svingar du til venstre (på motsett side av vegen) og køyrer opp den bratte grusvegen. Parkering er på toppen, på venstre side før brua.
Ver merksam: Vis omsyn til beitedyr langs grusvegen. Lukk alltid grinder etter deg.
Du kan også ta buss til og frå Staup.
Bussturen tek om lag 10 minutt. Frå Voss stasjon tek du bussrute 950 Gudvangen eller 810 Vinje/Vik.
Avgangstider: 10:10 og 12:25
Gå av på Smalahovetunet (Løno sør)
Returbussar frå Løno sør går klokka 12:41, 15:10 eller 18:30.

