PRØV Deep water solo

Program lenger ned

Er du klar for ein av dei kulaste klatreopplevingane under Ekstremsportveko?

Under Veko får du moglegheita til å prøve Deep Water Solo – klatring på ein vegg høgt over vatnet i utebassenget. Ingen tau, ingen sele – berre deg, veggen og vatnet som ventar når du slepp taket.

Bassenget vil vere reservert for deltakarane under økta, slik at du får god plass til å klatre, falle og prøve igjen.

Før økta startar vil det bli gitt ei kort introduksjon, så både nybegynnarar og erfarne klatrarar er velkomne.

Ta med badetøy, handkle og eventyrlyst.
 

- Svært avgrensa tal plassar
- Utebassenget
- Open for alle aldrar


Pris og påmelding blir annonsert veldig snart – følg med.

Når plassane opnar, pleier dei å gå fort.

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
PRØV Deep water solo