PRØV Seglfly
Opplev kjensla av å fly stille over Voss
Bli med opp i lufta under Ekstremsportveko og opplev den heilt spesielle kjensla av å sveve over fjell, fjordar og dalar på Voss. Enten du er ute etter rolege naturopplevingar eller rein adrenalin, er dette ei oppleving du seint vil gløyme.
Svev over det spektakulære
Eventyret startar med at eit slepefly tek deg med høgt over Voss før du blir sleppt fri ut i den stille himmelen. Derfrå nyttar piloten termikk og fjelluft til å gli lydlaust gjennom det vakre fjellandskapet — og gir deg eit heilt unikt perspektiv på ein av verdas råaste ekstremsportdestinasjonar.
Vil du ha meir adrenalin? Prøv acro!
Er du ute etter noko endå villare? Spenn deg fast for ein aerobatisk seglflytur og opplev loopar, rolls, stup og G-krefter saman med ein erfaren pilot. Dette er flyging på sitt mest ekstreme — raskt, smooth og heilt uforgløymeleg.
Tilgjengelege flygingar
- Seglflyoppleving
- Acro Gliding (aerobatisk flyging)
- Adaptiv seglflyging / Acro Gliding
Oppmøte
Flyplassvegen 99, 5705 Voss
Pris
3.500,- NOK per flyging
Påmelding
Meld deg på via lenkja øvst på sida.
På grunn av vêrforhold og operativ planlegging vel du ønskja dag under bookingprosessen. Etter booking må du ta kontakt med Vegard Klette på vegardklette@hotmail.no for å avtale eksakt tidspunkt, oppmøte og annan praktisk informasjon knytt til flyginga.
Fullbooka eller ønskjer booking for ei større gruppe?
Send oss ein e-post på info@ekstremsportveko.com, så skal vi gjere vårt beste for å hjelpe.
Spørsmål?
📩 info@ekstremsportveko.com
Bli med oss opp i lufta under Ekstremsportveko 2026 — og opplev Voss frå eit heilt nytt perspektiv.

