TRY Longboarding

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.

Kom og prøv longboard med oss på Voss! Dette er ei nybyrjarvennleg aktivitet open for alle aldrar. Enten du har prøvd longboard før eller det er første gong, er du velkomen til å bli med.

To erfarne instruktørar, Jan-Petter Hammersland og Peder Bruem, vil guide deg gjennom ei 2 timar lang introduksjonsøkt, der du lærer grunnleggjande ferdigheiter og får øve i eit trygt og kjekt miljø. Øktene går føre seg i rulleskiløypa ved Voss Ski- og Tursenter, som har jamn asfalt og bakkar med varierande helling, perfekt for læring.


Dato: tysdag 23. juni 2026
Tid:
Gruppe 1: 11:00–13:00 (maks 10 deltakarar)
Gruppe 2: 13:00–15:00 (maks 10 deltakarar)

Open for alle aldrar.

Pris: 200 NOK per person

Du kan låne longboard på arrangementet. Ta gjerne med eigen hjelm om du har!


Viktig: Ver merksam på at alle deltakarar må betale for parkering med EasyPark på området.

Sjå korleis TRY Longboarding var i fjor, og bli med oss på ei kjekk oppleving på hjul!

Try Longboarding

TRY Longboarding