
The Big Boss
Stad: Voss, Noreg
Varigheit: Prosjektbasert stilling (før og under Ekstremsportveko)
Assisterande campansvarleg er med på å planlegge og drifte campområdet under Ekstremsportveko, og syter for at festivalgjestene har ein ryddig, rein og trivleg stad å bu gjennom heile veka. Rolla passar for ein serviceinnstilt og praktisk anlagd person som likar å jobbe med folk og løyse utfordringar på strak arm.
- Bistå campansvarleg med planlegging av campområdet, mellom anna inndeling og plassfordeling.
- Hjelpe til med å lage rutinar for innsjekk og informasjon til campgjestene.
- Gjennomføre innsjekk og plassfordeling saman med campteamet.
- Sikre at fasilitetane er reine, fungerer og er godt fylte opp gjennom heile festivalen.
- Koordinere og følgje opp campfrivillige under vaktene deira.
- Gje dei frivillige opplæring i rutinar og oppgåver, og vere det første kontaktpunktet deira.
- Vere ein synleg vert på campen og bidra til god stemning blant gjestene.
- Handtere spørsmål, utfordringar og uventa situasjonar når dei oppstår.
- Bistå med nedrigg og opprydding av campområdet etter festivalen.
- Bidra i evalueringa av campdrifta og kome med forslag til forbetringar til seinare arrangement.
- Du er serviceinnstilt og likar å møte folk.
- Du er praktisk anlagd og løyser utfordringar på strak arm.
- Erfaring frå vertskap eller arrangement er ein fordel.
- Du samarbeider godt med både tilsette og frivillige.
Rolla krev høg tilgjengelegheit under Ekstremsportveko, med noko planlegging i vekene før festivalen. Du må vere fysisk til stades på Voss i festivalperioden, også på kveldar og i helger.
- Ei sentral rolle i gjesteopplevinga på Ekstremsportveko.
- Tett samarbeid med campteamet og dei frivillige i eit sosialt og engasjert arbeidsmiljø.
- Verdifull erfaring med vertskap og arrangementsdrift i ein internasjonal festival.
- Vilkår etter avtale.

The Big Boss

