
The Big Boss
Stad: Voss, Noreg
Varigheit: Prosjektbasert stilling (før og under Ekstremsportveko)
Dei frivillige er sjølve ryggrada i Ekstremsportveko. Som assisterande frivilligansvarleg støttar du planlegginga og den daglege oppfølginga av dei frivillige, frå registrering og vaktplanar til mottak, trivsel og bistand når det oppstår bemanningsbehov undervegs. Rolla krev ein strukturert og imøtekomande person med god systemforståing.
- Bistå med registrering av frivillige og halde oversikt over kven som er sette opp på kva roller.
- Hjelpe til med å lage og halde ved like vaktplanar i samarbeid med frivilligansvarleg og avdelingsleiarane.
- Ta imot dei frivillige ved innsjekk og sikre at dei har informasjonen, akkrediteringa og utstyret dei treng.
- Bidra til briefingar og praktisk informasjon til dei frivillige.
- Følgje opp dei frivillige under festivalen og vere eit synleg og tilgjengeleg kontaktpunkt.
- Bidra til at dei frivillige er motiverte og blir godt tekne vare på gjennom heile veka.
- Halde auge med bemanningsbehovet under festivalen og flytte frivillige dit det trengst.
- Handtere fråfall, vaktbyte og andre utfordringar fortløpande.
- Bistå med å samle inn tilbakemeldingar frå dei frivillige og evaluere frivilligarbeidet etter festivalen.
- Finne forbetringar innan rekruttering, vaktplanlegging og oppfølging til seinare arrangement.
- Du er strukturert og har god oversikt.
- Du er imøtekomande og kommuniserer tydeleg.
- Du er trygg på digitale verktøy og registreringssystem.
- Du likar å spreie energi og tryggleik til menneska rundt deg.
Rolla krev høg tilgjengelegheit i vekene før Ekstremsportveko og under sjølve festivalen. Du må vere fysisk til stades på Voss i festivalperioden.
- Ei nøkkelrolle i frivilligfellesskapet som gjer Ekstremsportveko mogleg.
- Tett samarbeid med frivilligansvarleg og team på tvers av festivalen.
- Verdifull erfaring med personalleiing og koordinering i ein internasjonal festival.
- Vilkår etter avtale.

The Big Boss

