Eventansvarlege

Stad: Voss, Noreg
Varigheit: Prosjektbasert stilling (før og under Ekstremsportveko)

Som eventansvarleg eig du utvalde arrangement under Ekstremsportveko, frå planlegging og budsjett til køyreplan og gjennomføring. Du leier crew og frivillige, koordinerer leverandørar, utstyr og logistikk, og sørgjer for gode opplevingar for deltakarar og publikum. Rolla passar for ein sjølvstendig og uredd prosjektleiar med arrangementserfaring.


Hovudoppgåver og ansvar


Administrasjon og planlegging

- Planlegge tildelte arrangement frå konsept til gjennomføring, mellom anna køyreplan.

- Utarbeide og følgje opp budsjettet for arrangementa dine.


Crew og frivillige

- Leie crew og frivillige som er sette opp på arrangementa dine.

- Gje teamet ditt informasjon om oppgåver, rutinar og tidsplan.


Logistikk og koordinering

- Koordinere utstyr, leverandørar og logistikk med logistikkteamet og andre avdelingar.

- Jobbe tett med arena-, tryggleiks- og kommunikasjonsteamet om arrangementa dine.


Gjennomføring

- Leie arrangementa dine på dagen og sikre at dei går etter planen.

- Løyse utfordringar fortløpande under arrangementet.


Oppfølging etter arrangementet

- Rapportere på budsjett og resultat for arrangementa dine.

- Bidra i evalueringa og finne forbetringar til seinare arrangement.


Me forventar

- Du har erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement.

- Du er sjølvstendig og tek initiativ.

- Du har solid budsjettforståing.

- Du har sterke samarbeidsevner og er løysingsorientert.


Arbeidstid og varigheit

Rolla krev høg tilgjengelegheit før og under Ekstremsportveko, med hovudvekt på planlegging før festivalen og gjennomføring i festivalperioden. Du må vere fysisk til stades på Voss under festivalen.


Me tilbyr

- Fullt eigarskap til arrangement på ein av dei største ekstremsportfestivalane i verda.

- Tett samarbeid med dei operative teama på festivalen i eit dynamisk og engasjert arbeidsmiljø.

- Verdifull erfaring med arrangementsleiing i ein internasjonal festival.

- Vilkår etter avtale.

 

Intressert? Ta kontakt med oss!

Eventansvarlege