
Head of Sports
Georg Hernes
Ask me about sports, safety and sustainability
Stad: Voss, Noreg
Varigheit: Prosjektbasert stilling (før og under Ekstremsportveko)
Tryggleiksansvarleg (TA) for paragliding leier tryggleiksarbeidet for paraglidingøvingane våre, i eit av dei mest spektakulære luftsportmiljøa i Noreg. Du utarbeider risikovurderingar og tryggleiksplan, vurderer luftrom, vêr og landingsforhold fortløpande, briefar pilotar og funksjonærar og koordinerer med redningsapparatet. Rolla krev solid paraglidingerfaring, kjennskap til flystadene på Voss og autoritet til å avgjere når det skal flygast og når det skal stansast.
- Utarbeide risikovurderingar og tryggleiksplan for paraglidingøvingane.
- Etablere beredskapsrutinar saman med redningsapparatet.
- Følgje med på luftrom, vêr og landingsforhold heile tida.
- Avgjere om flyginga kan gå føre seg, skal setjast på pause eller stansast.
- Halde tryggleiksbriefingar for pilotar og funksjonærar.
- Koordinere med redningsapparatet, tryggleiksansvarleg for festivalen og greinansvarleg for paragliding.
- Dokumentere hendingar og gå gjennom korleis tryggleiksarbeidet fungerte.
- Bidra i evalueringa og oppdatere tryggleiksplanen til seinare arrangement.
- Du har solid paraglidingerfaring.
- Du har inngåande kjennskap til flystadene på Voss.
- Du har god tryggleiksforståing.
- Du har autoritet og tryggleik til å ta tydelege avgjerder om flyging og stans.
Rolla krev tilgjengelegheit til planlegging før Ekstremsportveko og høg tilgjengelegheit under paraglidingøvingane. Du må vere fysisk til stades på Voss under festivalen.
- Ansvar for tryggleiken på nokre av dei mest synlege paraglidingarrangementa i Noreg.
- Tett samarbeid med pilotar, redningsapparatet og tryggleiksteamet til festivalen.
- Verdifull erfaring med tryggleiksleiing innan luftsport i ein internasjonal festival.
- Vilkår etter avtale.

Head of Sports
Ask me about sports, safety and sustainability

