
The Big Boss
Stad: Voss, Noreg
Varigheit: Prosjektbasert stilling (før og under Ekstremsportveko)
Head of Partner Operations er hovudkontakten for dei kommersielle partnarane og sponsorane til Ekstremsportveko. Rolla sikrar at alle partnaravtalar blir gjennomførte med høg presisjon, og at partnarane får ei oppleving som gjev dei god grunn til å kome tilbake. Rolla krev kommersiell teft, sterk relasjonsbyggande kompetanse og god gjennomføringsevne.
- Utarbeide gjennomføringsplanar og ei samla køyreliste for alle partnarleveransar.
- Halde oversikt over avtalefesta forpliktingar og sikre at kvar leveranse er planlagd, fordelt og tidfesta.
- Vere hovudkontakt for partnarar og sponsorar før, under og etter festivalen.
- Planlegge og vere vert for partnarmøte og partnarfest.
- Koordinere operative leveransar med Partner Activation, Partner Exposure, arenateamet og andre avdelingar.
- Sikre at behova til partnarane blir formidla til rette personar i god tid.
- Følgje opp at alle avtalar blir leverte som lova.
- Handtere avvik og utfordringar frå partnarar fortløpande under arrangementet.
- Samle inn dokumentasjon og tilbakemeldingar frå partnarane etter festivalen.
- Bidra til evaluering og rapportering som legg grunnlaget for fornying og nye partnarskap.
- Du har kommersiell teft og forstår kva partnarane treng.
- Du er sterk på å byggje relasjonar.
- Du har god prosjektleiingskompetanse og høg gjennomføringsevne.
- Du trivst i rolla som vertskap.
Rolla krev høg tilgjengelegheit før, under og etter Ekstremsportveko, med planlegging i månadene før festivalen og gjennomføring i festivalperioden. Du må vere fysisk til stades på Voss under festivalen.
- Ei sentral rolle i dei kommersielle partnarskapa til Ekstremsportveko.
- Tett samarbeid med partnarar, det kommersielle teamet og dei operative teama på festivalen.
- Verdifull erfaring med partnarhandtering i ein internasjonal festival.
- Vilkår etter avtale.

The Big Boss

