Praktikant – Business Project Management (B2B)

Praksisplass – Business Project Management (Sal mot bedrifter)

Vil du jobbe tett på sal, kundar og kommersielle prosjekt i eit levande arrangementsmiljø?
Som praktikant innan Business Project Management (B2B) hos Ekstremsportveko blir du ein del av det kommersielle teamet som jobbar med sal av produkt og tenester til bedrifter, og med å levere det som er selt på ein profesjonell måte.

Du vil bidra i salgsprosessar, oppfølging av bedriftskundar og koordinering av kommersielle leveransar før og under festivalen. Dette er ei praktisk rolle for deg som vil forstå korleis sal, struktur og gjennomføring heng saman i praksis.


Dette kjem du til å jobbe med:

- Støtte sal mot bedrifter og oppfølging av bedriftskundar

- Bidra til planlegging og koordinering av kommersielle leveransar

- Følgje opp avtalar og sikre at sal blir omsett til konkrete tiltak

- Kommunisere med kundar før og under festivalen

- Bidra til struktur, dokumentasjon og framdrift i kommersielle prosjekt


Me ser etter deg som:

- Har interesse for sal, forretningsutvikling eller B2B-arbeid

- Er strukturert, initiativrik og komfortabel med ansvar

- Likar å jobbe med kundar og ulike interessentar

- Kommuniserer tydeleg og profesjonelt (engelsk er naudsynt, norsk ein fordel)


Dette får du:

Praktisk erfaring med sal mot bedrifter, kommersiell prosjektleiing og kundeleveransar i ein stor internasjonal festival, samt verdifull innsikt i korleis business faktisk blir gjort i arrangementsbransjen.