
The Big Boss
Vil du vere med og gjennomføre eit stort arrangement frå innsida?
Som praktikant innan event- og prosjektleiing hos Ekstremsportveko blir du ein del av kjerneteamet som planlegg og gjennomfører ein av verdas mest ikoniske ekstremsportfestivalar.
Du vil jobbe tett på erfarne arrangørar og vere involvert i både planlegging og gjennomføring av festivalen, frå struktur og framdrift til koordinering og problemløysing på arena. Dette er ei hands-on rolle der du får sjå korleis idear blir til handling, og der innsatsen din har direkte påverknad på korleis festivalen fungerer.
- Bidra i planlegging og koordinering av prosjekt og aktivitetar
- Støtte arbeid med tidsplanar, framdrift og oppfølging av oppgåver
- Bidra til god kommunikasjon mellom team, frivillige og samarbeidspartnarar
- Delta i praktisk gjennomføring før og under festivalen
- Hjelpe til med løysing av utfordringar i ein levande arrangementskvardag
- Har interesse for arrangementsplanlegging, prosjektarbeid eller drift
- Er strukturert, påliteleg og komfortabel med fleire oppgåver samtidig
- Likar å samarbeide og kommuniserer tydeleg
- Trivst i høgt tempo og held roen når det skjer mykje
Praktisk erfaring med gjennomføring av store arrangement, innsikt i prosjektleiing i praksis og moglegheita til å jobbe tett på profesjonelle aktørar i eitt av dei mest dynamiske festivalmiljøa i Noreg.

The Big Boss