Praktikant - IT og support

Bak kvar vellukka festival ligg eit solid teknisk oppsett.
Som IT- og supportpraktikant hos Ekstremsportveko blir du ein del av teamet som sørgjer for at system, verktøy og digitale løysingar faktisk fungerer når det gjeld.

Du vil jobbe tett på både stab og frivillige, bidra med oppsett og støtte av digitale verktøy, og vere med på å løyse tekniske utfordringar før og under festivalen. Dette er ei praktisk rolle der du får sjå – og vere ein del av – korleis eit stort arrangement blir drive i sanntid.

Dette passar for deg som likar å forstå korleis ting heng saman, trivst med problemløysing og vil vere der det skjer.

Dette kjem du til å jobbe med:

- Støtte drift og bruk av digitale verktøy og plattformer for stab og frivillige

- Bidra til teknisk oppsett og support på festivalområdet

- Hjelpe til med feilsøking og løysing av tekniske utfordringar undervegs

- Samarbeide tett med ulike delar av organisasjonen for å sikre smidig drift


Me ser etter deg som:

- Likar å løyse tekniske problem og hjelpe andre

- Har grunnleggjande forståing for IT-system, support eller teknisk oppsett

- Held hovudet kaldt når tempoet er høgt

- Er nysgjerrig, serviceinnstilt og lærevillig


Dette får du:

Praktisk erfaring med teknisk drift og IT-support i ein stor festival, innsikt i digitale system og arbeidsflyt i arrangementsbransjen – og ei sentral rolle midt i maskineriet under Ekstremsportveko.

 

Intressert? Ta kontakt med oss!