Praktikant - Salg og kommersiell

Vil du lære korleis store arrangement faktisk skapar inntekter?
Som salgs- og kommersiell praktikant hos Ekstremsportveko blir du ein del av det kommersielle teamet som jobbar direkte med sal, kundar og inntektsdrivande aktivitetar før og under festivalen.

Du vil bidra i oppfølging av salstiltak, kundekommunikasjon og gjennomføring av kommersielle aktivitetar på festivalområdet. Dette er ei praktisk rolle for deg som vil ha reell erfaring med sal i eit høgtempo arrangementsmiljø – der avgjerder gir synlege resultat.

Dette er ikkje ei teoretisk praksisrolle, men ei moglegheit til å vere tett på den kommersielle motoren i Ekstremsportveko.


Dette kjem du til å jobbe med:

- Bidra i sal og oppfølging av kommersielle tiltak

- Kundekommunikasjon knytt til sal av billettar, produkt og tenester

- Støtte planlegging og gjennomføring av sal på festivalområdet

- Samarbeide tett med drift og logistikk for smidig kommersiell gjennomføring


Me ser etter deg som:

- Har interesse for sal, forretningsdrift eller kommersielt arbeid

- Er strukturert, initiativrik og komfortabel med ansvar

- Likar å jobbe med menneske og i levande, hektiske miljø

- Kommuniserer godt på engelsk (norsk er ein fordel)


Dette får du:

Praktisk erfaring med sal og kommersiell gjennomføring i ein stor internasjonal festival, innsikt i korleis inntekter blir skapte i arrangementsbransjen, og verdifull erfaring frå eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar.

 

Intressert? Ta kontakt med oss for ein prat!