Aktiv Dödshjelp

Festivalteltet
Lør. 27.06 // 21:30

Bandet som tidlegare var kjent som Noregs farlegaste band, har bestemt seg for å bli Noregs farlegaste band igjen.

 

Med evige pengar, trimma lighterar, fullada sparkesyklar og helvete på speed dial er Aktiv Dödshjelp klare til å flykicke alt og alle med debutplata Send Dudes. Det jævla enkle førstealbumet markerer ein ny æra for bandet som starta i ein kjellar i Oslo i 2008 med éin regel: skru opp viss du ikkje høyrer deg sjølv.

 

Med eksplosive liveshow, «store porsjonar rå energi over knallharde riff og melodisk sinne» (Dagsavisen) og «perfekt, unnasluntrande passe samfunnskritisk poppunk, med dei morsomaste punktekstane sidan Turbonegro selde pizza» (VG), er det mogleg at det er DU som må kjenne di besøkstid.

 

📍Festivalteltet
 

Aktiv Dödshjelp