Ari Bajgora
Ari Bajgora er Oslo-rapperen som, trass i ung alder, har fleire års erfaring frå den norske musikkbransjen – og som av mange alt vert omtalt som ein bransjeveteran. Han imponerer stadig med sine nyskapande lydbilete og har på kort tid blitt ein publikumsfavoritt.
Sjølv om han fekk sitt store gjennombrot med hitlåtane «Situasjon» og «Utested» i 2024, og seinare det svært suksessfulle debutalbumet «Valget å gå, og vi gikk», som mellom anna inneheldt nummer éin-låta «Falle og slå seg», har Ari halde på heilt sidan han var 12 år gamal. Han kapra tidleg sin plass i det norske hiphop-miljøet og vann både fans, kritikarar og artistkollegaer som stadig vert imponerte over Aris unike vesen.
Ari Bajgora er òg ein livesensasjon fleire har fått ein bit av. Etter å ha trekt tusenvis av festivalpublikummere mot scena gjennom to hektiske somrar introduserte han lytterne til sitt aller første soloshow gjennom ein norgesturné denne hausten. Billettane blei revet vekk på rekordtid, og òg ekstrashowane seldt ut fortere enn nokon hadde føresett. Han asvlutta turnéen på ærverdige Sentrum Scene i Oslo, der han på sett og vis starta artistkarrieren sin som 11-åring då han varma opp for 6ix9ine.
📍 Festivalteltet

