CLMD
Det er mykje som kan seiast om artistar som ikkje berre klarer å ha ein suksessfull karriere, men òg ein konsekvent ein. Dette er historia bak CLMD – fleire år med hardt arbeid som har resultert i fantastiske høgdepunkt. Sidan Martin Danielle starta CLMD i 2010, har prosjektet berre vakse med kvar utgjeving. 2016-singelen «Dust» med Astrid S, som vart inkludert på albumet «Phases» i 2018, vart hans største utgjeving så langt, og vart hausten 2018 følgt opp av hitsingelen «Trouble» og nyleg den listetoppande «DANCE». Med over 20 millionar strøymingar på kort tid, beviser det at CLMD er ustoppelig!
Gjennom åra har CLMD bygd opp ein imponerande katalog av samarbeid og fans. Han har remiksa songar av stjernar som Bruno Mars, Estelle, Nervo, Arty og Norman Doray, fått lovord frå Axwell /\ Ingrosso, Tiësto og David Guetta, og turnert saman med Steve Angello over heile USA.
CLMD kjem til å lage tidenes fest på Ekstremsportveko🔥Dette vil du ikkje gå glipp av!
📍 Festivalteltet

