OnklP

Festivalteltet

OnklP er tilbake! Og denne gongen gjer han det på eiga hand.

 

Ei introduksjon er eigentleg heilt unødvendig. Enten det er VG eller Dagbladet, rap-fans eller svigermødrer, festivalgjengarar eller Securitas-vakter – alle kjenner til OnklP. Alle har ei meining. Alle kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner han.

 

OnklP har regjert på den norske hiphop-scena i over to tiår. Han er ein prisvinnande tekstforfattar som har blitt rost opp i skyene av politikarar og samfunnstoppar, og har hatt ei viktig stemme i samfunnsdebatten. Bak seg har han nokre av dei tyngste bransjeprisane, og han har samarbeidd med nokre av dei største namna i norsk musikk – på tvers av sjangrar. Med si sterke personlegdom og ærlege tekstar har han rørt det norske folket frå scena, gjennom radio og på TV. OnklP utviklar seg stadig som artist i nye sjangrar, prosjekt og samarbeid, og no står han igjen støtt på eigne bein.

 

Når den evig energiske OnklP tek scena igjen, er det med dedikerte fans frå alle generasjonar i publikum. Med seg har han sin enorme låtkatalog som spenner sjangermessig frå «Det kunne vært deg»-skiva frå 2004, via OnklP & De Fjerne Slektningene-bængaren «Styggen på ryggen» frå 2014, til splitter nye OnklP-låtar anno 2024.

 

📍Festivalteltet

OnklP