TAUS

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
TAUSGratis
Festivalteltet
Søn. 21.06 // 19:30

TAUS er ikkje taus!

TAUS har teke Musikknoreg med storm det siste året. Ordet «taus» tyder jente på vossamål, og på scena leverer ho utadvend og energisk vossapop saman med dei tre tausene sine på trommer, gitar og tangentar.

«Treng du litt norsk pop med morosame tekstar om kvardagslege ting og store kjensler, kanskje noko i retning Gabrielle, Zupermaria, Synne Vo eller Kaia Huuse? Feil. Det har du allereie. Det du eigentleg treng, er TAUS. TAUS er nokre herlege hakk kvassare, dette er melodisk poprock i same gate som Hjerteslag, ispedd ein god dæsj av energien til Veronica Maggio, men med råare og meir direkte tekstar.» – BT

TAUS