DJ Dottir

Loungen
Søn. 21.06 // 21:30
Loungen

DJ Dottir har vore ein sentral del av Bergens pulserande uteliv sidan 2014 og med over 140 spelingar i året er ho ein av dei mest etterspurde DJ-ane vestpå. Ho blandar klubb, house, funk, soul, hiphop, pop og R&B i dansbare mikser som held energien på kok og publikum i bevegelse.

 

Med stødig erfaring frå festivalar som Fres Festival og Bergen Pride og ei rekkje klubbscener over heile byen, har Dottir bygd seg eit rykte for å lese rommet og løfte stemninga til neste nivå. Setta hennar kombinerer nostalgiske glimt med moderne bangers, alltid levert med eit glis og ein groove du ikkje kjem deg unna.

DJ Dottir