Sti9us

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Loungen
Tir. 23.06 // 21:30

Sti9us er ein profesjonell frikøyrar, DJ og grunnleggjar av house- og techno-festivalen Festafest.

Allereie som 16-åring byrja han å spele på klubbar rundt om i Midt-Noreg. Etter kvart som skikarrieren tok fart, måtte han leggje musikken litt til side, før han tok det opp att for fire år sidan.

Etter å ha reist dei siste ni åra som profesjonell frikøyrar, har han vorte sterkt inspirert av den elektroniske musikkscena frå heile verda, og har fått att den store lidenskapen for musikk.

Musikken han spelar har ein minimal og rytmisk sound som svevar mellom house og techno, alltid med grooven i fokus. Sterkt inspirert av sounden frå Amsterdam, veit han kva som skal til for å vekkje dansegolvet til live og ta med publikum på ei reise gjennom si musikalske verd.

Sti9us