Ladies Preevent - HOstyrer

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Loungen
Tor. 25.06 // 13:00

Bli med på eit nytt år med HO – eit kvinnenettverk!

 

Velkomen til denne samlinga, i samarbeid med Sparebanken Norge: HOstyrer
Dato: 25. juni
Tid: Dørene opnar kl. 13:00. Program frå kl. 13:30 til 15:00
Stad: Ekstremsportveko Lounge 20+

 

HO er eit initiativ frå Hardanger og Voss Næringshage – eit nettverk for kvinner som ønskjer å byggje relasjonar, dele erfaringar og bli inspirerte. Kvar samling har sitt eige tema, og denne ettermiddagen set vi søkjelys på kvinneleg leiarskap og styrearbeid.

 

Me retter blikket mot styrerommet, og me ynskjer å inspirera fleire kvinner til å vurdere styreverv. For anledninga har me henta inn 3 sterke kvinner som gjennom fagleg påfyll og deling av erfaringar skal gje oss eit innblikk i kva som blir forventa av deg i styrerommet og kva som er eit godt fungerande styre! Nina Stokke Tronsrud – Director i Aider for virksomhetsstyring og styrearbeid. Mona Hellsenes, nærings- og reiselivssjef Ulvik deler sine erfaringar frå styrearbeid. Og Anna Oppedal Tokheim, fra familiebedriften Hardanger saft og siderfabrikk.


HO er eit nettverk på tvers av bransjar, alder og erfaring – der målet er å byggja relasjonar, dela kunnskap og inspirera kvarandre i ei uformell og inkluderande ramme.
Me gler oss til å samla dykk igjen – til nye perspektiv, gode møte og inspirerande samtalar.


Dørene til loungeteltet opnar kl. 13:00 med velkomst i glaset, programmet startar kl. 13:30. Arrangementet er gratis, men krev påmelding!
Velkomen til HO – styrer!

Me gler oss til å sjå deg der!