FAQ

Har du spørsmål? Her finn du svar på nokre av dei mest vanlege spørsmåla om Ekstremsportveko. Finn du ikkje det du leitar etter, er det berre å ta kontakt, eller kom innom oss på Veko Adventures-området!

Kan eg koma inn på festivalområdet?

Festivalområdet er ope for alle på dagtid. Kom og heng, og nyt stemninga!

Frå tysdag, etter klokka 19:00, må du vere 18 år eller eldre og ha gyldig festivalpass for å vere med på kveldsmoroa. Loungen er 20+ kvar dag. Legitimasjon er påkrevd.

Kva kan eg gjere med festivalpasset mitt?

Extreme Pass: Gir deg tilgang til festivalområdet, aktivitetar og påmelding til konkurransar etter at du har registrert deg som utøvar.

Extreme Pass - Junior: Gir deg tilgang til aktivitetar og konkurransar som er opne for juniorar. Les meir her.

Day Pass: Gir tilgang til festivalområdet og aktivitetar på angitt dag.

Single-Event Sport Pass: Tilgang til festivalområdet og spesifikke konkurransar på angitt dag. Les meir her.

Kvar kan eg byta billetten min mot eit festivalbånd?

Billettkontoret finn du ved inngangen til festivalområdet. 
Opningstider:
Søndag-Måndag: 09:00 - 21:00
Tysdag-Laurdag: 09:00 - 01:00

Akkrediteringskontoret (for akkrediterte billettar og frivillige) er open mellom 09:00 - 21:00 kvar dag.

Du er nøydd til å møte opp personleg for å motta festivalbåndet. Husk å ta med deg legitimasjon! Du kan ikkje hente ut festivalbåndet for nokon andre.

Eg er ikkje ein utøvar, men eg kunne tenkt meg å prøve ulike opplevingar. Kan eg booke gjennom Ekstremsportveko?

Jau! Me tilbyr ei rekkje ulike opplevingar, som du kan booke via Ekstremsportveko. Klikk her for å sjå meir.

Kvar kan eg kjøpe overnatting under Ekstremsportveko?

Klikk her for å sjå og booke ulike alternativ for overnatting under Ekstremsportveko.

Kostar det noko å sjå på dei ulike sportane på Ekstremsportveko?

Det er heilt gratis å sjå på dei ulike sportane som skjer på Ekstremsportveko. Kom deg ut og opplev dei spektakulære sportane og den ville naturen!

Har de ein Lost & Found?

Om du har mysta eller funne noko, vennligst kom innom billettkontoret under våre opningstider.

Søndag-Måndag: 09:00 - 21:00
Tysdag-Laurdag: 09.00 - 01.00

Kva kan eg ta med meg inn på festivalområdet?

Du er velkommen til å ta med personlege eigedommar, som små vesker/sekker, klær og det du treng for ei dag på festivalen. NB! Det finst ikkje oppbevaringsmoglegheiter på festivalområdet.

Av hensyn til tryggleik og sikkerheit er følgjande ikkje tillate i festivalområdet:
- Alkohol og ulovlege substansar
- Medbrakt mat og drikke
- Våpen eller farlege gjenstandar
- Laserpeikarar
- Glasbeholdarar
- Profesjonelle kamera eller opptaksutstyr (utan akkreditering)
- Drone
- Fyrverkeri

Følgjande er OK å ta med før kl. 19:00:
- Store vesker eller sekkar
- Hundar i bånd.


Alle vesker kan bli undersøkt ved inngang.

 

Er det shuttlebussar på Ekstremsportveko?

Det vil vera gratis shuttlebussar mellom festivalområdet, Skydive Voss og Camp Extreme. Busstidene vært annonsert nærmare festivalen.

FAQ