BMX

Program lenger ned

Betong. Kreativitet. Store tricks.

Under Ekstremsportveko blir Veko Skatepark eit naturleg samlingspunkt for BMX-ryttere, publikum og gode sessions.

Gjennom heile veka fyllast parken med jams, konkurransar og finalar, der ryttere kastar seg ut i nye lines og store tricks. Forvent kreativ riding, tung triksing og eit publikum som samlar seg rundt parken når BMX tek over Veko.

Enten du kjem for å ride eller sjå på, byr BMX under Ekstremsportveko på god stemning, musikk og action tett på.

Ryttere som vil delta må ha gyldig Extreme Pass eller Volunteer Pass, vere registrert som utøver, ta med eigen BMX-sykkel, og hjelm er obligatorisk.

Meir informasjon om konkurransar, program og påmelding finn du på dei enkelte event-sidene.

TipsKlikk på eit arrangement for å lese meir og melde deg på. Klikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Ons. 24.06 // 14:00–20:00
BMX