Ansvarserklæring

Ditt ansvar som utøvar og/eller adventurer

 

Krav for å delta

- Du må vere registrert før start.

- Du må kunne vise gyldig registrering og/eller eventuell dokumentasjon som sporten krev.
 

Tryggleik og konsekvensar

Dersom du bryt tryggleiksreglar eller ikkje følger instruksar frå kvalifisert personell, kan det føre til:

- Skriftleg åtvaring

- Klipping av band

- Bortvising frå område

- Utestenging frå arrangementet

- Varsling til relevante myndigheiter
 

Ansvar og risiko

- Du forstår og aksepterer at deltaking i Ekstremsportveko inneber risiko.

- All deltaking skjer på eige ansvar og av fri vilje.

- Arrangøren kan ikkje haldast ansvarleg for dine handlingar.

- Arrangøren kan ikkje haldast ansvarleg for skadar du påfører deg sjølv eller andre.

- Arrangøren kan ikkje haldast ansvarleg for skade eller tap av utstyr.
 

Foto og video

- Det blir teke bilete og video under Ekstremsportveko.

- Du gir løyve til at arrangøren kan bruke dette materialet slik dei ønskjer.
 

Eigen vurdering og plikt

- Du meiner sjølv at du har evner og ferdigheiter som gjer det trygt å delta.

- Du deltar og konkurrerer på ein kontrollert og trygg måte.

- Du veit at du ikkje er forsikra gjennom ESV, og blir oppmoda til å ha eiga forsikring.

- Du skal ikkje vere påverka av rusmidlar når du deltar.

- Du skal avstå frå aktivitet dersom helse, utstyr eller andre forhold gjer deltaking uforsvarleg.


Påmelding og refusjon

- Påmeldinga er bindande, og det blir ikkje gjeve refusjon ved sjukdom, skade eller liknande.

- Dersom arrangementet blir flytta eller utsett, har du ikkje krav på refundering.

- Dersom arrangementet blir avlyst undervegs grunna vêr, forhold eller force majeure, blir ikkje deltakaravgifta refundert.