Extreme Downhill Kayaking
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Konkurransekonsept
Dette er rein downhill.
Ei bratt og teknisk elvestrekning. Éin padlar om gongen. Fullt fokus frå start til mål.
Extreme Downhill er ein individuell tempo-sprint der kontroll, linjeval og fullt engasjement avgjer alt. Kvar deltakar får to kvalifiseringsforsøk, og den beste tida tel. Dei raskaste går vidare til finalen.
Med elvane rundt Voss er vi garanterte ei skikkeleg utfordring. Den eksakte elvestrekninga vert annonsert dagen før løpet, basert på vassføring.
Dette er ikkje eit nybyrjararrangement. Konkurransen er for erfarne padlarar som er komfortable i grad 4 og 5 og har ein solid og påliteleg rulle.
Format
- Eindagsarrangement
- To kvalifiseringsforsøk
- Beste tid tel
- Topp 10 i kvar kategori går til finale
- Dersom færre enn 30 deltakarar i ein kategori, går topp 5 til finale
- Maks 80 deltakarar
Klassar
- Kvinner
- Open
Alle deltakarar må vere over 18 år. Deltakarar under 18 må søkje om dispensasjon frå arrangøren.
Obligatorisk briefing
Det vert halde ein obligatorisk racebrief dagen før konkurransen. Startnummer vert delt ut på dette møtet.
Dersom du ikkje kan møte, må du informere arrangøren på førehand. Manglande oppmøte utan beskjed kan føre til diskvalifikasjon.
Oppmøtestad vert sendt på e-post til alle påmelde deltakarar. Hugs å sjekke innboksen.
Krav til kajakk
Kajakk
- Serieprodusert creekbåt eller half-slice creeker, produsert etter 2006 (maks 20 år gammal). Kajakken må vere i passande storleik for padlaren.
- Ingen vektgrense.
- Maks lengde 281 cm.
- Kajakken må ha airbags som fyller mesteparten av akterskipet.
- Kajakken må vere laga av solid PE-plast (HDPE). Oppblåsbare farkostar er ikkje tillate.
- Kajakken må vere utstyrt med full fotplate eller solid skumbulkhead.
- Kajakken må ha minst eitt av følgjande oppsett:
1. To festepunkt (handtak) i baugen og to festepunkt i akterskipet.
2. Eitt festepunkt i baugen og tre festepunkt i akterskipet.
- Handtaka må vere i god stand, vere av original spesifikasjon (OEM) og godkjennast av sikkerheitsteamet. Det er ikkje tillate å fjerne ekstra handtak.
- Utskifting eller alternative seteløysingar i kompositt er tillate dersom dei er produserte av ein seriøs produsent og tilgjengelege for kjøp (til dømes Guigui- eller Hobson-sete), og er monterte forsvarleg.
- Det er ikkje tillate å gjere modifikasjonar på outfitting som påverkar den strukturelle integriteten til kajakken.
- Kajakken må vere heil og utan strukturelle skadar (ingen store sprekkar eller openbert øydelagde båtar).
- Sikkerheitsteamet har siste ord når det gjeld godkjenning av utstyr. Dersom du er usikker på om utstyret ditt er tillate, må du kontakte arrangøren. Gjer dette i god tid før konkurransen, slik at du unngår diskvalifikasjon på racedagen.
Anna påkravd utstyr og reglar
- Hjelm godkjent for strykpadling (EN 1385).
- Flytevest for strykpadling (ISO-godkjend for bruk i EU) med sikkerheitssele og quick release.
- Tilstrekkeleg vern mot kaldt vatn (langermet tørrtopp eller tørrdrakt er obligatorisk). Sjølv om vêret er fint, er vatnet kaldt.
- Elvesko med lukka tå som ikkje fell av ved symjing (til dømes med snøring eller borrelås).
- Kastepose er ikkje obligatorisk i sjølve konkurransen, men er anbefalt under trening.
- Alt utstyr må vere i god stand og fungere slik det er sertifisert for. Øydelagde hjelmar eller synleg utrygge flytevester vert ikkje tillatne.
Reglar for padlarar
- Kvar padlar må ha ein solid rulle og vere komfortabel i elver på grad 4 og grad 5. Padlarar som kvalifiserer til neste runde, men ikkje ønskjer å delta vidare, må gi beskjed til arrangøren så snart som mogleg.
- Dersom ein deltakar har ei klage, må dette meldast til løpsleiaren. Protestgebyret er 2000 kroner. Ei uavhengig jury på tre personar vil handsame saka. Dersom protesten vert godkjend, får padlaren tilbake pengane. Dersom protesten ikkje vert godkjend, går pengane til kajakk-BBQ-en på laurdag.
Arrangøren sine rettar
Arrangøren har rett til å nekte deltaking eller diskvalifisere ein deltakar som:
- ser ut til å ha for lite erfaring til å padle løypa på ein trygg måte (kvalifisering eller finale)
- er påverka av alkohol eller andre rusmiddel
- har ein skade eller sjukdom som gjer det utrygt å padle løypa
- ikkje oppfyller krav til utstyr eller klasse.
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Påmelding
- Opnar 15. mars
- Stenger 26. juni, eller når maks tal deltakarar er nådd
(Det vert oppretta venteliste dersom arrangementet vert fullt.)
Premiar
Vert annonsert
Kontakt
kayaking@ekstremsportveko.com




