Head2Head & Mass Start Inflatables Race
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Head2Head – Boater Cross
Ekstremsportveko sin Head2Head-konkurranse er rask, kaotisk og skikkeleg moro.
Fleire padlarar stiller side om side og kastar seg ned løypa, navigerer portar og treff bannar langs vegen. Dei raskaste ein eller to padlarane går vidare til neste runde.
Så enkelt er det.
Forvent tette linjer, taktiske val og full innsats frå start til mål.
Konkurransen går føre seg på Bjørke, der brua over elva gir publikum eit perfekt utsyn over det som skjer.
Raundalselva er ei av dei verna elvane i Noreg, verdsett for sitt naturmangfald, kulturhistorie og betydning for friluftslivet. Når vernet er under press, er det viktigare enn nokon gong å vise fram elva og aktivitetane ho skaper.
Løpet er laga for å vere inkluderande. Enten du er ny i strykpadling, ein junior på veg opp, eller ein erfaren padlar med sterke linjer, finst det ei klasse for deg.
Fokuset er enkelt: god racing, god stemning og ein solid dag på elva.
Massestart – Inflatable Race
Vi avsluttar dagen på rett måte.
Fjorårets oppblåsbare race vart ein suksess, så vi køyrer det igjen.
Massestart. Oppblåsbar kaos. Maks underhaldning.
Ta med det du flyt på.
Program
Obligatorisk racebrief 12:00
Start 13:00
Reglar
Det endelege løpsoppsettet og løypa vert presentert under racebriefen.
Kontaktreglar
Boater Cross er ikkje ein kamp. Målet er at alle kjem i mål med eit smil.
Hald begge hendene på åra og vis respekt for dei andre deltakarane.
Farleg oppførsel eller handlingar mot andre padlarar fører til umiddelbar diskvalifikasjon.
Protestar
Dersom du føler behov for å protestere, tek du dette truleg litt for seriøst.
Klasser
Junior kvinner / Junior open
- Dersom du er under 16 år, kan du melde deg på denne klassen. Er du 15 år eller eldre, kan du også velje å delta i ein av vaksenklassane dersom du ønskjer det.
Nybegynner kvinner / Nybegynner open
- Du bør ha padla kajakk før og føle deg komfortabel med å padle framover i roleg straum (tenk låg vassføring i Øvre Stranda). Du treng ikkje ha ein solid rulle, men må vere komfortabel med å symje.
Vidarekomen kvinner / Vidarekomen menn
- Du er ein trygg klasse 3-padlar og kan rulle i rennande vatn.
Ekspert kvinner / Ekspert menn
- Du er ein solid klasse 4/4+ padlar og kunne konkurrert på Brandseth eller toppen av Myrkdalen.
Påkrevd utstyr
- Kajakk, packraft eller oppblåsbar farkost
- Hjelm
- Godkjent flytevest for strykpadling
- Klede som er eigna for symjing i kaldt vatn
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Head2Head handlar om fart, taktikk og å halde hovudet kaldt under press.
Inflatable-racet handlar om å gå all in.
Ta med gjengen. Ta med konkurranseinstinktet!




