Eurotour 2026
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Vi er tilbake i Skjervet!
Den klassiske arenaen. Den raske.
Midt i naturen, med fossen som brusar ved sida av løypa og fjella som reiser seg rundt, er Skjervet ein av dei mest spektakulære stadene å køyre downhill. Frå avstand ser det fredeleg ut. Det kjennest ikkje fredeleg i 70 km/t.
Den 1,4 km lange løypa har alt. Tekniske svingar som straffar nøling. Lange rettstrekk der farten byggjer seg opp. Ei løype alle kan køyre, men ingen vinn utan å kjempe for det.
Dette er 4. stopp i Eurotour Championship Series 2026, og i år introduserer vi eit nytt konkurranseformat.
Vi kombinerer round robin med klassisk knockout racing. Utøvarane kan flytte seg mellom format gjennom opprykk og nedrykk undervegs i konkurransen.
Fleire heat.
Fleire sjansar.
Meir racing for alle.
Du får ikkje berre eitt run og ferdig.
Her må du jobbe for det!
Alle norske køyrarar som melder seg på Eurotour-racet blir automatisk med i Noregsmeisterskapet (NM).
Klassar
- Open Skate
- Women Skate
- Open Adaptive
- Open Luge
- Open Inline
- Junior Skate
- Masters Skate
Treninger
Trening Kvalifisering:
- 24. Juni 10:00 - 14:00
Trening Finaler:
- 25. Juni 10:00 - 12:00
Krav til deltaking
- Fullface-hjelm
- Slide-hanskar
- Lærdrakt
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Skjervet belønner dei som tør å gå for det. Ingen unntak. Møt opp klar, og gå for det!




