Bavallen Downhill - Nordic Downhill Series

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
NDHS #3 – Nordic Downhill Series × Ekstremsportveko

Konkurrer i ei av Noregs mest legendariske utforløyper! 

100 ryttarar på startstreken.
Éi linje ned Bavallen.

 

Den legendariske Bavallen Downhill er tilbake under Ekstremsportveko og er i år ein offisiell del av Nordic Downhill Series.

Ryttarar frå heile Norden samlast på Voss for å konkurrere i ei av dei mest ikoniske downhill-løypene i Noreg.

Den 4,5 km lange løypa startar på toppen ved Voss Gondol og byr på røffe parti, høg fart, teknisk terreng og fullt engasjement heile vegen ned til mål.

Bavallen har tidlegare arrangert både Norgescup-rundar og ei oppgradert løype til Europa Cup, og er framleis ei av dei mest krevjande utforløypene i landet.

Og kven veit — kanskje dukkar det opp nokre overraskingar i løypa i år.

Rittet er i år avgrensa til 100 ryttarar, så sørg for å sikre deg ein startplass tidleg.

Les meir om Nordic Downhill Series:
https://nordicdownhillseries.com/no/


Påmelding

Det finst to måtar å melde seg på Bavallen Downhill - Nordic Downhill Series


Meld deg på gjennom Ekstremsportveko

Påmelding - Steg-for-steg Guide

1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.

Krav:

• Gyldig Extreme Pass eller Junior Athlete Pass
• Må vere registrert som utøvar i Ekstremsportveko-systemet

Merk at heiskort til gondolen ikkje er inkludert i dette alternativet.

Les meir om Veko-prisar på gondolen her.

MERK

Dersom du planlegg å delta i meir enn berre Nordic Downhill Series, anbefaler vi å kjøpe Veko-pass for gondolen, som gir deg heiskort alle dagar.

Dersom du berre skal delta i NDS, men melder deg på med Veko-pass, kan du kjøpe heiskort ved race office i Bavallen på laurdag.

Dersom du planlegg å delta i fleire MTB-konkurransar under Ekstremsportveko, er det beste valet å sikre seg eit Extreme Pass frå start. Då kan du melde deg på tidleg og sikre deg plass i fleire av MTB-konkurransane gjennom festivalveka.


Meld deg på gjennom Nordic Downhill Series

Startavgift: 1389 NOK

Inkluderer:

• Nordic Downhill Series startkontingent
• 2-dagars heiskort til Voss Gondol
• Ekstremsportveko-arrangementsavgift

Denne påmeldinga gir berre tilgang til Nordic Downhill Series-rittet i Bavallen, og inkluderer ikkje deltaking i andre MTB-arrangement under Ekstremsportveko.

Ryttarar som melder seg på gjennom Nordic Downhill Series vil seinare kunne oppgradere til Extreme Pass ved å betale mellomlegget, dersom dei ønskjer å delta i resten av sykkelprogrammet under festivalen.


Program

Laurdag – Seeding

Sundag – Finale

To dagar. Éi løype. Full fart ned Bavallen.

Detaljert tidsskjema blir publisert nærare arrangementet.


Heisinformasjon

Merk at Ekspressheisen ikkje vil vere i drift i år, og all transport opp til start vil derfor skje med Voss Gondol.

Rittoppsett og logistikk vil bli planlagt deretter.

Frå målområdet i Bavallen er det om lag 10–15 minutt å trille eller sykle til nedre stasjon på Voss Gondol. For dei yngste klassene kan dette ta noko lengre tid.


King & Queen of the Mountain

Bavallen Downhill er også ein del av MTB Overall Championship under Ekstremsportveko – King & Queen of the Mountain.

Resultatet ditt her tel i samanlagtkonkurransen gjennom heile festivalveka, der ryttarar samlar poeng i fleire ulike MTB-disiplinar.

Ryttarane som presterer best gjennom veka blir krona:

👑 Queen of the Mountain
👑 King of the Mountain

Les meir om samanlagtkonkurransen og poengsystemet her.


Klassar

W 10–12 / M 10–12
W 13–14 / M 13–14
W 15–16 / M 15–16
W Junior (17–18)
M Junior (17–18)
W Senior (19+)
M Senior (19+)

Merk: Det blir ikkje arrangert klasse for 6–9 år i dette rittet på grunn av vanskegraden på løypa.


Utstyr

Følgjande utstyr er obligatorisk:

• Fullface-hjelm
• Knebeskyttarar
• Ryggplate / body armor
• Hanskar


Administrative krav

Alle ryttarar som melder seg på gjennom Ekstremsportveko må ha:

• Gyldig Extreme Pass eller Junior Athlete Pass
• Fullført Athlete Registration i Ekstremsportveko-systemet


Klar for start?

100 ryttarar. Éi løype.
Vi sjåast på startstreken.

Bavallen Downhill - Nordic Downhill Series