Sweet Urban Downhill

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Påmelding - Steg-for-steg Guide

1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.

Dette er der legender blir skapt!

Vi avsluttar Veko slik det skal gjerast – raskt, høglydt og midt gjennom hjartet av Voss.

Sweet Urban Downhill sender syklistar rett inn i ein tett og kreativ løype bygd i gatene på Voss. Her kan du forvente bratt sykling, tronge passasjar og vår ikoniske (og berykta) Road Gap.

Det er raskt, teknisk og leverer alltid – både for deltakarar og publikum.

Urban downhillen vår er framleis unik i Noreg, noko som gjer dette til den perfekte avslutninga på veka.

Publikum samlar seg, og du får ditt eige rockestjerne-augeblikk. Tør du å sende Road Gap? Er du klar for ære?

Eller er du her for å sikre deg dei siste 100 poenga og ta trona som King eller Queen of MTB?


Klassar

- Dame Open

- Herre Open

- Junior jenter (U18)

- Junior gutar (U18)

Utøvarar under 18 år må ha med signert samtykkeskjema frå føresette eller verje. Skjemaet må leverast ved henting av deltakarpass i akkrediteringsteltet under Ekstremsportveko.


Nivå

Middels til ekspert (det finst alternative linjer rundt dei største hindra)


Obligatorisk utstyr

- Downhill-sykkel eller fulldempa terrengsykkel

- Fullface-hjelm

- Knebeskyttarar

- Albuebeskyttarar

- Ryggplate eller kroppspansar


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:

- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
⁃ Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)

Sweet Urban Downhill