Speed Star Competition
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Gjer deg klar for rask flyging og presist lagarbeid under Speed Star Competition på Ekstremsportveko.
Laga konkurrerer om å bygge ein formasjon i fritt fall så raskt og reint som mogleg. Fart, koordinasjon og god kommunikasjon er avgjerande når hopparane samarbeider for å fullføre formasjonen innan tidsgrensa.
Konkurransen kombinerer lagarbeid, raske avgjerder og solide fallskjermferdigheiter – noko som gjer dette til eitt av dei mest spennande lagarrangementa i løpet av veka.
Lagformat
Eit lag består av 7 personar:
- 6 fallskjermhopparar
- 1 kameraflygar
Dersom du melder deg på åleine, vil Agera setje deg opp på eit lag.
Konkurransereglar
- Formasjonen blir annonsert av Agera under briefingen kl. 08:15 tysdag morgon.
- Alle lagmedlemmer, bortsett frå kameraflygaren, må vere bak startlinja inne i flyet før første hoppar kryssar linja.
- Laga har maksimalt 35 sekund til å bygge formasjonen.
- For at formasjonen skal bli godkjend må han vere stabil og intakt i minst 5 sekund.
- Videoen av hoppet må leverast før kl. 17:00.
- Vinnarlaget blir annonsert kl. 20:30 i festivalteltet.
Fleire detaljar blir gitt under briefingen.
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Oppmøtestad
Briefing tysdag kl. 08:15

