Slip'n Slide
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Slip ’n’ Slide-challengen er tilbake på landingsområdet hos Skydive Voss under Ekstremsportveko. Dette er ein av dei mest underhaldande happeningane i løpet av veka – både for hopparar og publikum.
Konseptet er enkelt: land presist på mål, treff den såpeglatte bana på graset, og prøv å skli så langt som mogleg gjennom løypa. Undervegs møter du morosame element som badedyr og ein portal du må passere før sklien er over.
Her handlar det om presisjon, kontroll – og å gå all in på sklien. Forvent mykje latter, kreative landingar og god stemning på landingsområdet.
Meir informasjon kjem snart – følg med! 🪂💦