Demo Innhopp

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Man. 22.06 // 20:00
Tir. 23.06 // 20:00
Tor. 25.06 // 20:00
Fre. 26.06 // 20:00
Lør. 27.06 // 20:00

Demo Innhopp – Prestegardslandet 

Kvar kveld under Ekstremsportveko, med unntak av onsdag på grunn av swooping-showet, inviterer vi erfarne fallskjermhopparar til å delta på demo-innhopp midt i Voss sentrum.

Landinga skjer på Prestegardslandet, rett ved festivalområdet og Veko-festivalteltet, med publikum samla langs vatnet. Dette er ei unik moglegheit til å vise presisjon, stil og god skjermkontroll framfor eit stort publikum.

Plassar blir fordelte basert på erfaringsnivå og demo-erfaring.

Har du ein visjon, ein idé eller noko kreativt du ønskjer å prøve, vil vi gjerne høyre om det. Ekstremsportveko handlar om å pushe grenser og skape minneverdige opplevingar.

Har du idéar utover desse demo-innhoppa, kan du sende dei til skydiving@ekstremsportveko.com.


Praktisk informasjon

Take-off: ca. kl. 20:00

Landing: Prestegardslandet, Voss sentrum

Transport: Ingen transport tilbake til dropsonen

Pris: Gratis innhopp-slots

Det er avgrensa tal på plassar, og desse blir fordelte basert på erfaring.
Meir informasjon om briefingtid og praktiske detaljar blir delt under festivalveka.


Krav

- Gyldig demo-lisens
- Redningsvest er påkravd
- Deltakarar må bli godkjende av arrangøren basert på erfaring og ferdigheitsnivå.


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:

- Gyldig Extreme pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!