Veko Jam

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.

VEKO JAM HAS BEEN CANCELLED.VEKO JAM HAS BEEN CANCELLED

Unfortunately, Veko Jam on Friday 26th has been cancelled due to weather conditions and insufficient snow for transport to the festival arena.

Eit av dei villaste høgdepunkta under Ekstremsportveko er tilbake!

I fjor frakta vi snø inn på festivalarenaen for første gong og bygde eit rail-oppsett under teltet. Køyrarane leverte, publikum fylte arenaen, og stemninga var heilt elektrisk. Det vart raskt eitt av dei store høgdepunkta under festivalen.

I år gjer vi det igjen – og denne gongen gjer vi det enda større.

Snø vert frakta inn på arenaen og forma til eit skikkeleg urban rail-oppsett bygd med stillas, inspirert av dei legendariske rail jam-arrangementa i USA. Med musikk, lys og publikum tett på køyrarane blir dette ei av dei mest intense og morosame øktene under heile veka.

Her kan du forvente stil, kreativitet og køyrarar som pushar kvarandre til å gå større – framfor eit fullpakka festivalpublikum.

Køyrer du ski eller snowboard, er dette eit arrangement du ikkje vil gå glipp av.


Klassar

- Ski Junior Girls
- Ski Junior Boys
- Ski Women
- Ski Men


- Snowboard Junior Girls
- Snowboard Junior Boys
- Snowboard Women
- Snowboard Men


Nivå

Open for alle.


Påkrevd utstyr

- Ski eller snowboard
- Hjelm er obligatorisk


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)


Oppmøte

Festivalteltet på festivalarenaen

Veko Jam