Veko Banked Slalom
Påmelding - Steg-for-steg Guide
1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.
Veko Banked Slalom handlar om flyt, fart og gode opplevingar på snø under Ekstremsportveko.
Me tek turen opp til Vikafjellet for å køyre ei banked løype forma for leik og raske rundar. Løypa vil bestå av doseringar, rollers og naturleg terreng, kombinert med nokre ekstreme element som hopp og rails for dei som vil spice det opp.
Nokre vil jage raskaste tid, andre køyrer for flyt, stil og triks, men alle er der for å ha det gøy på snø. Enten du køyrer alle elementa eller styrer unna, handlar det om å velja di eiga linje.
Forvent god stemning med musikk, heiarop og ein solid Veko gjeng som løftar energien gjennom dagen.
Dette er for alle. Nybyrjarar kan ta det roleg og finna flyten, erfarne utøvarar kan gje full gass, og alle imellom kan nyta både køyringa og stemninga.
Meld deg på, dropp inn og sjå kor rask eller stilfull du kan vera ned løypa. Ta med venene dine og bli med på ein skikkeleg Veko snødag.
Klassar
- Ski Junior Girls
- Ski Junior Boys
- Ski Women
- Ski Men
- Snowboard Junior Girls
- Snowboard Junior Boys
- Snowboard Women
- Snowboard Men
Adaptive utøvarar er velkomne. Ta kontakt med oss, så ser vi kva vi kan få til.
Nivå
Open for alle.
Påkrevd utstyr
- Ski eller snowboard
- Hjelm er obligatorisk
Administrative krav
Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:
- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)
Oppmøte
Vikafjellet
Eksakt stad vert annonsert nærare arrangementet.




