Vossakrigar

TipsKlikk på staden for å sjå den i det nye kartet vårt.
Påmelding - Steg-for-steg Guide

1. Kjøp eit gyldig Extreme Pass, Extreme Pass Junior, eller søk og bli godkjent som frivillig.
2. Registrer deg som utøvar på same kontoen som du har passet ditt.
3. Gå til påmeldingen for ønska konkurranse.
4. Klikk på riktig "package" og deretter "Sign up".
5. Fyll ut skjemaet og klikk på "Submit".
6. Gå til handlekurven og klikk "Confirm" for å bekrefte påmeldinga.
7. Motta påmeldingsbekreftelse på eposten din.

Konkurransekonsept

Kvalifisering

Hinderløypa vil gå rundt Voss, både på tørt land og eventuelt i kaldt vatn. Publikum vil kunne følgje konkurransen tett og heie fram favorittane sine undervegs.

Utøvarane startar på signal frå startområdet, følgjer løypa og må gjennomføre hindera i den rekkjefølgja dei er sett opp. Kvart hinder må klarast før ein kan gå vidare.

Utøvarane kan gjere så mange forsøk dei vil på eit hinder. Dersom ein deltakar ikkje når ein bestemt sjekkpunkt innan ein fastsett tidsgrense, vert vedkommande diskvalifisert.

Alle deltakarar må følgje reglane og respektere avgjerdene til dommarane.

Løypa vert presentert under pre-race-møtet før konkurransen. Ho vil teste smidighet, styrke, uthald og evna til å prestere under press.

Det vil ikkje vere mogleg å prøve hindera på førehand. Utøvarane kan sjå på hindera, men ikkje teste dei. Brot på denne regelen fører til diskvalifikasjon.

Kvalifiseringa går som ein individuell tempo-etappe. Alle deltakarar gjennomfører løypa, og dei med dei beste tidene går vidare til finalen.

Tida er avgjerande – så det gjeld å gi alt for å sikre seg ein plass i finalen og sjansen til å bli den neste Vossakrigar.

Kor mange som går vidare til finalen vert annonsert på pre-race-møtet på konkurransedagen.


Finale

I finalen møtest utøvarane i Head-to-Head knockout-duellar mot kvarandre – og mot den tøffe hinderløypa vi har laga.

Den sterkaste, mest smidige og mest kompromisslause utøvaren står igjen til slutt og kan ta tittelen:

Vossakrigar Champion.


Klassar

- Kvinner (16+)
- Menn (16+)


Nivå

Alle


Utstyr

- Sko
- Hanskar / kalk
- Sportstape
- Handkle
- Tørre klede
- Drikkeflaske
- Snacks


Administrative krav

Utøvarar må ha fullført følgjande for å kunne delta:

- Gyldig Extreme pass, Junior Pass eller Frivillig pass.
- Fullført utøvarregistrering. Har du ikkje gjort det enno? Gjer det her!
- Påmeldt dette arrangementet (lenke til påmelding finn du øvst på sida)


Oppmøte

Kvalifisering:
Hanguren – toppen av gondolen

Finale:
Festivalteltet


Gondol

Vossakrigar nyttar Voss Gondol for transport til fjellet for kvalifisering. 

Ved kjøp av enkelttur eller tur/retur-billett på gondolen kan deltakarar bruke promokoden:

"Vossakrigar"

Sjå eiga side for opningstider og prisar for gondolen.

Vossakrigar