Veko Food Court - Smak verda på Ekstremsportveko!
Veko Diner er historie. I år tek Ekstremsportveko maten til eit heilt nytt nivå.
Velkomen til Veko Food Court – det nye matopplevingskonseptet på festivalen! I samarbeid med Street Food Norway har vi henta inn 8 knallgode food trucks med konsept frå heile verda, alle ope i festivalen sine opningstider. Anten du er mellom konkurransar, på veg til neste konsert eller berre svolten etter ein lang dag på fjorden – her finn du noko som passar deg.
Legg middagen din til Veko Food Court, eller ta lunsjen her saman med kollegaer!
Opningstider for alle
Festivalområdet er ope for alle fram til kl. 19:00 kvar dag, heilt gratis!
Søndag og måndag er det gratis inngang fram til stengetid, 01:30
Dei 8 food truckane på festivalområdet
🫓 Piece of Greece
Gresk kjøkken laga med kjærleik - rett til Voss! Her får du klassisk gresk pita i tre versjonar: vegetar med halloumi, eller for kjøttelskjarar med kylling eller svinekjøtt. Alt servert med pommes frites, tomat, løk og heimelaga tzatziki. Du treng ikkje reisa til Hellas - Hellas kjem til deg.
🥟 Bao Buns
Mjuke, dampte bao buns - ein kinesisk klassikar du ikkje vil gå glipp av. Det luftige, søte brødet er fylt med pulled pork, kylling eller pulled grønsaker for deg som vil ha vegetaralternativet. Varm, mektig og heilt fantastisk.
🍗 Funky Chicken
Du har aldri smakt så deileg kylling! Funky Chicken serverer friterte kyllinglollipop-venger og strimlar, tortilla, frites og nuggets. Enkelt, genialt og skikkeleg godt - perfekt festivalmat.
🍫 La Churreria de Manolo
Rett frå Spania til Voss! Churros er det sprø, frityrsteikte bakverket du ikkje visste du trong - avlange, stjerneforma og servert med varm sjokoladesaus, vaniljekrem, sjokoladekrem eller karamellsaus (dulce de leche). Perfekt dessert, perfekt snacks.
🌮 Los Tacos
Meksikansk mat med ein norsk vri - inspirert av det beste frå San Diego og «taco-fredag»-tradisjonen vi alle elskar. Los Tacos tar det kjende og gjer det endå betre, servert rett frå trucken.
🥙 Crazy FT – Midtaustens beste smakar
Vil du prøva noko nytt? Crazy FT bringer deg autentiske smakar frå Midtausten. Vel mellom kjøtt (kebab, tamim kebab, stekchees), kylling (shawarma, tamim kebab, shish tawook) eller vegetar (falafel og hummus) - alt spesialkrydra med dei finaste urter og ingrediensar for ein heilt særeigen smak.
🌯 Korean Taco
Koreansk street food møter taco-formatet – og resultatet er magisk. Laga med ekte koreanske smakar og servert rett frå vogna. Perfekt for deg som vil prøva noko nytt og spennande.
🍔 Little Cloud Spot – Smash Burgers
Ekte amerikansk street food, gjort på ekte vis. Biffen vert smasha hardt mot eit glohaugt grilljern – ein klassisk teknikk som låser inne alle saftene og gir den karakteristiske sprø, karamelliserte overflata. Servert i mjuke brioche-bollar med klassiske toppar og sausar. Bestselgaren? Double Bacon Burger - saman med crispy fries og gylne onion rings. Sjå etter den rosa skya!
Endå meir mat – 14 fleire konsept på Torget!
I tillegg til dei 8 food truckane på festivalområdet finn du heile 14 fleire trucks og konsept på Torget. Uansett kva du har lyst på; du finn det på Veko Food Court.
Velkomen til bordet. 🎉

