
Head of Volunteers
Hanna Selås
Ask me about volunteering for both sports & festival
Kvart år kjem hundrevis av engasjerte frivillige saman for å skape ei uforglemmeleg veke full av ekstremsport, musikk og fellesskap. Som del av teamet vil du jobbe side om side med utøvarar, artistar, arrangørar og nye vener frå heile verda – alle med same eventyrlyst og engasjement.
Uansett om du er god på logistikk, kundeservice, teknisk støtte, arrangementsarbeid, eller berre elskar å bidra der det trengst; det er alltid plass til deg på Veko!
- Festivalpass mot å jobba minst tre skift.
- Tilgang til den legendariske frivilligfesten.
- Ei unik bak‑kulissane‑oppleving av verdas største festival for ekstremsport.
- Nye venskap og minner for livet.
- Ein sjanse til å bidra i fellesskapet og vere del av noko heilt spesielt.
Er du under 18 år og vil vere med på Ekstremsportveko?
Klart du vil det – bli frivillig!
Å vere frivillig under 18 betyr at du får dei same fordelane: gode opplevingar, nye vennskap, verdifull erfaring og minner for livet. I tillegg får du eit merchprodukt som takk for innsatsen. Bli med i gjengen som riggar til sportsarrangementa, sel kul merch, eller bidra på aktivitetane som skjer på festivalområdet på dagtid.
Er du usikker på korleis dette fungerer? Berre ta kontakt med frivilligansvarleg!

Takk til Sparebanken Norge for å vere vår frivilligpartnar!
Om du har spørsmål om det å vere frivillig, er det berre å ta kontakt!

Head of Volunteers
Ask me about volunteering for both sports & festival

