Julekampanje fram til 01.01.2018. Meld deg på no!

Nyheit i 2018 er elvebrett på aktivitetsprogrammet. Dette er sannsynlegvis den tøffaste elvesporten i Norge som er å oppdrive uten at du treng noko erfaring på førehand. Det er hardt arbeid, vått og vilt, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.

Nokon tykkjer det er mest moro å surfe i bølgjer og symje ned små stryk, medan andre vil prøve seg i store valsar og tronge, bratte fossefall. Med symjeføter og hanskar er det forbausande lett å manøvrere deg sjølv og elvebrettet.

God drakt, redningsvest og hjelm vernar deg mot elementa. Vårt profesjonelle team instruerer og rettleiar deg gjennom kurset. Minimum alder for å delta er 15 år.

Påmelding HER!

 

home
home
home