Pride

Events Pride Festival Tent Sat 02.07 at 15:00 GRATIS / FREE

PICTURE GALLERY PRIDE

Ekstremsportveko markerer pride laurdag 2 juli, kom ned til festivalteltet og få med deg eit forrykande luftshow.

Det er GRATIS å bli med på pride markeringa vår fram til kl.19.00.

Kvifor me har PRIDE markering på Ekstremsportveko
Stiftinga bak Ekstremsportveko har i sine statuttar at ein skal vere open og inkluderande, me markerer 50 år sidan avkriminaliseringa av homofile jmf. § 213 i Straffelova. Etter fleire arrangement i Noreg enn nokon gong, er det likevel mange utfordringar som ikkje er tydeleg avklart innan idretten, også hjå Ekstremsportveko. Retningslinjene er uklare og statistikken for LHBTIQ-personar som vegrar seg for å delta i idrett fordi ein er redd for å bli diskriminert, er også for høg. Dette syner at inkluderingsarbeidet framleis har ein veg å gå.

Ekstremsportveko håpar at årets markering skal hjelpe å aktualisere temaet, og at sport/idrett saman må jobbe endå meir målretta for å ta vare på menneske på tvers av legning knytt til sportsmiljø.

Ekstremsportveko har lenge hatt samarbeid med Amnesty International Norway, og dei er sjølvsagt med på årets pride markering. Her kan du lese meir om historia til LHBTIQ-arbeidet, og her kan du sjå korleis ein kan gjere meir for å støtte arbeidet - verda rundt. 

https://amnesty.no/kampen-fortsetter